INGRID STANDAL SØRHEIM
Durspel
Ingrid Sørheim (f. 1996) frå Norheimsund i Hardanger er frilans folkemusikar på durspel og har ein bachelor i utøvande tradisjonsmusikk frå Ole Bull Akademiet. Ho var på utveksling i Newcastle, England i 2018/19, og der forelska ho seg i den britiske folkemusikken. Ingrid Sørheim er kjent for å fengsla publikum med sitt lyriske spel og varme utstråling. Når ho ikkje blandar norsk og britisk folkemusikk med Vesterveg, fordjupar ho seg i heimtradisjonen frå Hardanger og skriv låtar med vise-folkbandet Veijr. (https://www.facebook.com/Veijr/)
Ein gong ho tok bussen, såg ho ein bevisstlaus mann liggande åleine på bakken i eit gardstun og ringte naudnummeret. Nokre dagar etterpå las ho i lokalavisa at politiet hadde rykka ut, og at den bevisstlause mannen viste seg å vera eit fugleskremsel!
Speler på: Castagnari Rik i AD og HE, Bergflødt i GC.
Liker: Folkemusikk, Jesus, nynorsk og heilmjølk
Misliker: Engelsk drikkevatn
Yndlingsdans: Swing - du veit aldri kva partnaren din vil finna på!